Matglede sidan 2007
Bjørg's Mat blei starta av Bjørg Refvik i 2007, og sidan den gong har verksemda vakse og utvikla seg til å tilby catering til alle høve – frå tapas og koldtbord til overtidsmat, kaker og mykje meir.
I sentrum av Måløy driv vi ein triveleg kafé, der du kan nyte alt frå ein varm kaffikopp med kake til smakfulle lunsjretter. Vi ønskjer å ha noko for alle smakar, kvar dag.
Gjennom eit samarbeid med Parken Kulturhus i Raudeberg kan vi også tilby eit flott selskapslokale for ulike arrangement, anten det er bursdag, konfirmasjon eller firmafest. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller treng meir informasjon – vi hjelper deg gjerne!